YKS Ung – Opa Dansetrening
Opa Dansetrening er eit gratis tilbod for alle ungdom over 15 år og vert driven av dansarane og koreografane May Stene Fossheim og Solveig Styve Holte. Dansetreninga har fokus på improvisasjon, koreografi og komposisjon. Du treng ikkje å ha dansa før for å delta. Øvingane våre er i Konsertsalen på Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda.
Opa Dansetrening startar opp onsdag 11. mars og går ut mai kvar onsdag frå 19:00-20:30.
Datoar
11. mars kl. 19:00-20:30 (oppstart)
18. mars kl. 19:00-20:30
25. mars kl. 19:00-20:30
(Påskeferie)
8. april kl. 19:00-20:30
15. april kl. 19:00-20:30
22. april kl. 19:00-20:30
29. april kl. 19:00-20:30
6. mai kl. 19:00-20:30
(Langhelg)
20. mai kl. 19:00-20:30
27. mai kl. 19:00-20:30
For spørsmål:
93 49 02 26
Vil du vere med i YKS Ung i 2026? Vi søker no 6 ungdomar mellom 16 og 19 år frå heile Sunnmøre og Nordfjord til vår neste dansekunstproduksjon «Villskap» som vil ha premiere under Moldejazz i juli!
Auditionen er open for alle, uavhengig av erfaring. Vi søker deg som er motivert til å lære nye måtar å bevege seg på og som har lyst å vere med i skapinga av ei framsyning i samarbeid med andre, du må vere påliteleg og kunne møte til dei aktuelle øvingstidene. Vi søker eit breidt mangfald av utøverar så alle sjangrar og stilar er velkomen.
Du vil få erfaring med å skape og framføre ei ny framsyning saman med eit profesjonelt kunstnerisk team. Framsyninga vil ha premiere under festivalen Moldejazz 16. juli og så framførast under Sommarljom 1. august og på Anders Svor museet i Hornindal 2. august. Fleire speledatoar kan kome til undervegs.
I prosjektet vil du bli tilsett som utøvar. Du får arbeide med ein profesjonelt kunstnerisk team og få innsikt i korleis ei framsyning vert arbeida fram både gjennom koreografi, kostyme, musikk og koreografi i samspel med naturen og museet vi vil framføre i. Du får bryne deg både på kreative oppgåver, samarbeid med andre og utvikle nye ferdigheiter som utøver.
Er du busett i Volda/ Ørsta forventer vi at du deltek på Opa Dansetrening på onsdagar for å støtte utviklinga di gjennom våren. Er du busett utanfor Volda/ Ørsta vil vi tilrettelegge for reise og opphald dei aktuelle øvingshelgene/ periodene og gjere indivuduell avtale om eigentrening mellom øvingshelgene.
I produksjonen vil du arbeide med koreograf Solveig Styve Holte, prøveleiar May Stene Fossheim, dansar Rina Rosenqvist, kostymedesignar Molly Raak og komponistane Anja Lauvdal og Lars Ove Stene Fossheim. Musikalsk og koreografisk vil vi i «Villskap» ha fokus på det fleirrytmiske og utøvarimprovisasjon.
YKS Ung er eit talentutvikling og rekrutteringstiltak for at fleire skal få kunnskap om profesjonelt kunstnerisk arbeid. Det er eit unikt høve for ei anleis arbeidserfaring der du vil utvikle ny kunnskap og erfaring kva kunstnerisk arbeid kan vere.
For å søke sender du ein epost til ysteholenkoreografiskesenter@gmail.com innan 1. mars der du skriv:
- Navn, adresse og alder
- Fortel kort kven du er
- Fortel kort kvifor du vil vere med
Auditionen vert leia av Solveig Styve Holte, Rina Rosenqvist og May Stene Fossheim og vil vere satt saman av oppvarming, improvisasjons- og komposisjonsoppgåver i fellesskap og eit kort intervju. Ta på kle du kan bevege deg i, notatblokk og drikkeflaske.
Ta kontakt på e-post om du har spørsmål!
Audition
8. mars 2026, kl 14–17
Konsertsalen i Kaarstad-huset
Øvingstider (du må vere tilgjengeleg):
14.–15. mars 2026: 1. prøvehelg
11.–12 april 2026: 2. prøvehelg
23.–25. mai 2026: 3. prøvehelg
22.-26. juni 2026: Prøver mandag-fredag
27. juni 2026: Fridag
28. juni-2. juli 2026: Prøver søndag-torsdag
14.–15. juli 2026: Reisedag til Molde og Generalprøve
16. juli 2026: Premiere under Moldejazz
31. juli-2. august 2026: Øving fredag og framføring under Sommarljom i Volda laurdag og på Anders Svor museet i Hornindal søndag.
YKS Ung er støtta av Kulturrådet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sparebank1 SMN og utvikles i samarbeid med Høgskulen i Volda og Kunsthøgskolen i Oslo.